Barn og ungdom
Hangout på Askøy
To gonger i veka heng tweensa på Askøy på kjøpesenteret. På toppen av kjøpesenteret, i Røde Kors sine lokale.
Skrevet av Tone Sæle –
Tysdag og torsdag kl. 13.30–15.30 er Askøy Røde Kors sitt lokale ope for øya sine 10–15-åringar. Lokalet blir også lånt ut til andre, og då vi kjem på besøk, er ein klasse akkurat i ferd med å pakke saman for å gå tilbake til skulen.
– Lærarane veit at dei kan kome ned her med ein klasse, eller med elevar som treng eit avbrekk når lokalet er ledig, seier leiar for Gatemegling og ungdom, Sølvi Røssum, og leiar for Hangout, Therese Schneider.
Hangout starta opp i januar og har vore eit svært populært tilbod for dei som har vorte for store for SFO, men som framleis er for unge for ungdomsaktivitetar. Plassert på toppen av eit kjøpesenter, med eigen inngang og rett over vegen frå Kleppe skule, er det kort veg for mange. Når Hangout opnar, kjem det ofte mellom 20 og 50 tweens for å henge hos Røde Kors.
Gatemeklarane på jobb
– Det er deltakarane sjølve som bestemmer kva som skal skje. Om dei vil spele bordtennis, TV-spel eller berre scrolle, er heilt opp til dei. Vi tilbyr også leksehjelp, og alle får mat, seier Røssum.
Prosjektet på Askøy er starta med treårig støtte frå Bufdir og blir drive av frivillige vaksne og ungdommar. Andre Røde Kors-lokallag har også vist interesse for prosjektet.
– Dei fleste barn og unge er veldig ordentlege og kjenner på eit høgt press om å levere og prestere. Samtidig ser vi at utfordringar som utprøving av vape og rusmiddel, tjuveri og vald når stadig yngre aldersgrupper, heilt ned på mellomtrinnet. I tillegg er det viktig for oss å hindre utanforskap. Når barna blir for store for SFO, er det nokre som ikkje får lov til å ta med andre heim eller som aldri blir inviterte med på noko. Her hos oss er alle velkomne, seier Therese Schneider, ansvarleg leiar for Hangout.
Det er alltid fleire frivillige vaksne til stades. Alle dei fire damene som er på vakt denne dagen, inkludert matmor Cecilie, er også gatemeklarar og leksehjelparar.
– Eg ser mykje frå kjøkkenøya mi og kan løyse opp i ting før dei blir for vanskelege, seier ho over grytene.

I tillegg til dei vaksne er også frivillige ungdommar med og aktiviserer dei yngre barna. Ein av dei frivillige er 15 år gamle Leah Sangolt, som kjem rett frå skulen for å vere saman med barna.
– Det er kjekt å bli kjend med barn, ungdommar og vaksne. Eg melde meg som frivillig for å bli kjend med fleire, og har blitt flinkare til det gjennom Hangout, fortel Leah.
– Akkurat no er vi tre frivillige ungdommar, og vi får bidra med det vi likar best. Eg likar å prate med ungane, teikne og spele spel. Og så må vi passe på at ingen kranglar. Det kan vere litt slitsamt av og til.
– Høyrer ungane på deg?
– Ja, men nokre må få ei litt streng beskjed. Det tek mykje tid å vere frivillig her, men det er så kjekt.




