Røde Kors Hordaland RØDE KORS-NYTT Hordaland
Ragnhild Lillevik (80) har brukt mykje tid på  samle inn historia til Voss Røde Kors

omsorg

Historia bak Voss Krins av Røde Kors

26. april 1945 vart Voss Røde Kors oppretta. Tolv dagar før andre verdskrigen tok slutt, såg altså lokallaget i ekstremsportbygda dagens lys.

Det er fleire lokallag i Hordaland Røde Kors som har jubileum i år, men ikkje mange har hatt ein så dramatisk oppstart som Voss Røde Kors.

– På Voss var det to tyske fangeleirar, Bømoen og Tvildemoen, som til saman hadde 700 sovjetiske fangar. Då krigen gjekk mot slutten, vart det klart at nokon måtte ta seg av desse fangane når dei vart sette fri. Løysinga vart altså å opprette eit lokallag av Røde Kors, fortel Ragnhild Lillevik (80).

Ho var i mange år aktiv i Voss Røde Kors, og har opp gjennom åra brukt mykje tid på å samle inn og systematisere lokallaget si historie.

– Me ser i gamle klipp at tilstanden i leirane var elendig. Røde Kors gav straks dei tidlegare fangane tran, mjølk, medisin, klede og sko. Femten fangar hadde tuberkulose då dei vart sette fri, men helsetilstanden var vesentleg forbetra då dei reiste frå Voss, fortel ho.

Faksimile frå Hardanger Folkeblad frå åra etter frigjeringa.

Etter nokre veker i fridom på Voss kunne 700 sovjetiske fangar den 6. juni reise med tog til Bergen. I avisene kan ein lese at toga vart pynta med norske og russiske flagg, og at mange fekk med seg blomar og matpakker på turen. Ein løytnant frå Kyiv heldt ein tale der han takka folket på Voss, og sa han gledde seg over å ha vore med på å vinne krigen for både Noreg og Sovjetunionen.

I Bergen vart dei tidlegare fangane foreinte med andre sovjetiske soldatar. Totalt vart 5000 mann samla der før dei vart frakta til Tromsø og vidare heim til Sovjetunionen.

Ein konsekvens av den spesielle oppstarten til lokallaget er at det nesten kvart år sidan 1945 har vore minst ei innsamling av pengar og klede.

– Det har vorte sendt pakkar til mellom anna Polen, Nicaragua og Litauen. Det har også vore arrangert feriebussar som har teke eldre og uføre med på alt frå dagsturar i Voss til sydenturar. Me har alltid hatt fokus på omsorgstiltak, seier Lillevik.

Fakta: Lebensborn
Det var ikkje berre krigsfangar som var på Voss.  På Stalheim hotell, 36 km utanfor Voss sentrum, budde 131 born – såkalla lebensborn. Lebensborn var ein organisasjon grunnlagt av Heinrich Himmler i 1935. Målet var å auke barnetala blant SS-medlemmane og ta vare på mødre og born som vart rekna som «rase- og arvebiologisk verdifulle». Lebensborn gav økonomisk og praktisk hjelp til krigsborn og mødrene deira. Mødrene kunne bli verande på fødeheimen i opptil tre månader etter fødselen. Om dei etter det ikkje kunne ta med seg barnet, kunne det bli verande på heimen. Innan barnet var blitt 6 månader, måtte mødrene bestemme seg for om dei ville hente barnet eller la Lebensborn behalde det på ein av sine barneheimar, og etter kvart adoptere det bort. Totalt vart det fødd kring 8000 lebensborn i Norge, 1100 av desse vart fødd på ein av organisasjonen sine ni fødeheimar. Ein av dei største fødeheimane var altså Stalheim hotell.

Kjelder: Forsking.no, Store norske leksikon, okkupasjonen.no, arkivverket,