omsorg
Vakaren
– Det finst ikkje noko meir ærefullt enn å få følgje eit menneske over, seier Sissel Larsen. Leiaren for vaketenesta på Bømlo veit meir enn dei fleste om korleis det er å vere med eit menneske i siste fase av livet.
Skrevet av Tone Sæle –
Bømlo Røde Kors starta vaketeneste i januar 2019. Frå april same år har Sissel Larsen (52) hatt ansvaret for tenesta i Bømlo Røde Kors. – Det er litt rart at det tok så lang tid før Røde Kors fekk vaketeneste. Det første Henry Dunant gjorde, var jo nettopp å vake. Han hjelpte sjølvsagt mange såra soldatar, men mest av alt sat han med folk som skulle døy, seier Sissel.
Tunge netter
Ein frivillig i vaketenesta er til stades for døyande og deira pårørande i den aller siste fasen av livet. Ein kan vake med pasientar som ikkje har sine næraste der, eller ein kan avlaste familien undervegs.
- Det er tyngst for familien om nettene, og då kan det vere fint å få ein vakar frå Røde Kors til å ta over i nokre timar. Dei frivillige er òg førebudde på å vake saman med pårørande, om det er eit ynskje. Om den døyande er vaken og ønskjer ein samtalepartnar, så er me det – men for det meste sit me der når ein ikkje lenger har kontakt med pasienten, forklarar ho.
Før ein blir vakar i Røde Kors, må ein ta eit vaketenestekurs. Det er ikkje så mange i distriktet som held slike kurs, så det ville Sissel gjere noko med. Ho tok instruktørkurs og starta med å kurse sine eigne. – Etter det balla det berre på seg, så no har det blitt ein del reising og kurs rundt omkring, seier Sissel.
– For å bli vakar må du ha eit avklart forhold til døden. Døden er noko me menneske ønskjer å unngå for einkvar pris. For ein vakar er det ikkje slik – tvert imot. Ein vakar veit at pasienten med stor sannsynlegheit kan døy på vakta di. Då kan ikkje døden vere skremmande eller vanskeleg. Eg har hatt frivillige som eg har bedt vente litt, gjerne fordi dei nyleg har opplevd noko tøft sjølv. Er ein framleis i sorg, kan det vere lurt med ein pause til ein igjen er klar til å vere der for andre, seier ho.

Døgnopen vakttelefon
I snitt har lokallaget 8–10 vakeoppdrag i året. For tida står det 23 frivillige på lista hennar. Av desse er om lag halvparten jamleg aktive. Yngste vakar er rundt 25 år, som er nedre aldersgrense. Den store majoriteten av vakarane er pensjonistar.
– Kva er det viktigaste når du skal lære opp nye vakarar?
– Intervju i forkant er viktig. Då finn ein ut om den frivillige er klar for å vere eit omsorgsmenneske for andre i ein slik situasjon. Så må ein lære om døden, kva ein skal gjere og kva reglar som gjeld. Alle kan bli vakar, men har ein helsefagleg bakgrunn, må ein aller først lære å sitje på hendene sine. Sjølv om ein har fagkunnskap, skal ein vakar aldri stelle ein pasient. Når dei først har vent seg til det, er helseutdanna frivillige enkle og fantastiske å ha i poolen.
Sjølv har Sissel på ingen måte noko helsefagleg bakgrunn.
– Eg har for det meste jobba i industrien. I dag er jobben min å køyre gravemaskin og hjullastar på miljøstasjon – noko eg synest er kjempegøy, fortel Sissel.
Røde Kors må ha ein avtale med institusjon eller kommune for å kunne vake. Private kan ikkje tinge vaking sjølv – det må gå gjennom personell eller heimesjukepleiar. Pasient eller pårørande får på førehand informasjon frå helsepersonell om at Røde Kors tilbyr vaketeneste. Dei må altså be om å få ein vakar. Når det trengs, ringer helsepersonell til Sissel på vakttelefonen og spør om dei kan hjelpe. Då sender Sissel ut ein felles SMS til alle på lista og høyrer kven som kan stille. Vakttelefonen har ho alltid med – også i gravemaskina. Om nokon treng ein vakar, må alt anna vente til kontakt med frivillige er oppretta.
Tett oppfølging
Ei vake kan vare ei kort stund eller opp til fleire netter – ingen veit når døden kjem. Ein god vakar er roleg, reflektert og har eit avklart forhold til døden. Men både nye og erfarne vakarar blir følgde opp av Sissel.
– Eg har alltid vaketelefonen på nattbordet, så eg er klar til å ivareta dei som er ute. I starten ringer eg alle ferske vakarar etterpå og sjekkar korleis det går. Alle kan få ein reaksjon.
90 % av dei døyande er gamle, har levd livet sitt og er klare for det som skal skje.
– Ein sit ved sida av senga, held gjerne ei hand og høyrer på pusten som endrar seg – gjerne blir overfladisk og kort – og lyttar til ein til slutt ikkje høyrer meir pust. Når ein ser på den som ligg der, har dei ofte ein eigen ro. Det er ikkje skremmande å sjå når dei er klare og gjer slepp – det kjennest meir godt. Dei fleste døyande har ein periode i prosessen der dei er redde. Ein skal inn i noko ukjent – ingen veit kva som møter oss på den andre sida. Ein kan ha tankar om kva som skal skje, men veit ikkje sikkert. Då hjelper det at nokon sit ved senga, pratar roleg, held i handa, stryk på ein arm. Det er ikkje alltid det kjem respons, men mange gongar kan ein sjå at det gir ro.
Det tøffaste er oppdrag der ein må vake over unge folk, som er redde for døden og som skulle hatt mange år igjen. Når folk melder seg til slike oppdrag, må Sissel informere godt, slik at vakaren er godt førebudd – for dette er tøffe tak, sjølv for dei mest erfarne.
– Men eg er stolt og rørt over at me stort sett alltid klarer å stille folk til det me blir spurt om, uansett tid og stad.
– Kva er det beste med å vere vakar?
– Å kjenne på at ein har gjort ein forskjell for nokon som er på sitt aller mest sårbare. Det er det mest ærefulle eg veit!





