Røde Kors Hordaland RØDE KORS-NYTT Hordaland
Kvar månad tek Arve Hæggernes (37) turen til Radøytunet for å vere Røde Kors-frivillig.

Migrasjon

Verda på Radøytunet

– Å vere her er så gjevande at det er ikkje klokt, seier Arve Hæggernes (37). Kvar månad er han ein av fleire Røde Kors-frivillige som tek turen frå Bergen til mottakssenteret på Radøy for å vere med flyktningane der.

Skrevet av Tone Sæle –

Det siste året har Radøytunet vorte nytta som mottakssenter. Det er her flyktningar som nett er komne til Noreg bur, og akkurat no er det stort sett ukrainarar og syrarar som får sin første norske heim på Radøy. Medan driftsoperatøren står for drifta av mottaket, er frivillige frå Hordaland Røde Kors med og lagar aktivitetar og støttar dei nykomne flyktningane. Så langt er det frivillige frå Bergen som er i gang, og ein av dei som kvar månad køyrer frå Bergen til Radøy, er Arve. Hans engasjement starta då dei første flyktningane kom til Kokstad. Då dette senteret vart lagt ned og eit nytt mottak vart starta på Radøy, vart han med vidare som frivillig.

Google Translate

– Eg brukar nok meir tid på å reise enn på faktisk å vere her, seier han ettertenksamt.

– Men det er så gjevande for meg. Me gjer vanleg frivilligarbeid som å starte og følgje opp ulike aktivitetar for dei som bur på Radøytunet. Dette kan vere juleverkstad, måling, fotball eller fisking. Det at me er Røde Kors-frivillige, gjer flyktningane trygge. For min eigen del får eg energi når eg ser kva det betyr for dei at me er her. Dei vaksne slappar meir av, og ungane er som ungar elles. Dei synest til dømes det er stas at eg har elektrisk rullestol. Første gongen eg var her, var det så vidt eg fekk køyre rullestolen inn, for ungane var så nysgjerrige, ler Arve.

Kommunikasjonen skjer på gamaldags vis med ansikt, hender og litt engelsk, og med meir moderne hjelpemiddel som telefon og Google Translate. Nokre av borna har òg lært seg litt norsk.

– Enkelte vegrar seg for å bli frivillige fordi dei trur dei ikkje kan kommunisere med flyktningane. Men det kan dei, det går heilt fint. Det viktigaste er at ein er open og trygg. Er du roleg, blir dei du skal hjelpe rolege.

Mange er her i nokre månader før dei skal busetjast ein annan stad. Då kjem det nye folk som me får bli kjent med og støtte.

– Så du rekk akkurat å bli kjent med dei før dei forsvinn ut av livet ditt?

– Ja, men me er her for å støtte, ikkje for å bli vener. Sjølv om ein etterpå tenkjer på korleis det går med dei og håpar at dei har det bra. Samstundes får me frivillige god debriefing, slik at me òg kjem oss vidare på ein god måte.

Frå Syria til Radøy

Ein av personane Arve har blitt kjent med, er Mohamed Alkanash (39) frå Syria. Etter mange år som journalist vart det til slutt for farleg for han å bli verande i Syria. For tre månader sidan måtte han forlata kone og fire born og reise frå heimlandet.

– Eg jobba med å dokumentere menneskerettsbrot, korrupsjon i regjeringa og brotsverk, anten frå det regjerande regimet eller andre grupper. Eg fekk mange truslar og vart arrestert. Til slutt kunne eg ikkje bli der lenger og måtte flykte, fortel Mohamed.

– Kva har vore det vanskelegaste med å kome til Noreg?

– Å vere borte frå familien og dei fire borna mine! Den lange ventetida for å få svar på asylsøknaden er også tung for alle her. Språk og klima er store utfordringar, men eg lærer norsk kvar dag og håpar å kunne fullføre vidaregåande studiar så snart eg får tak på språket.

Eg har vorte positivt overraska over den vakre naturen og den store omsorga eg har vorte møtt med. Ikkje minst var det eit sjokk at politiet er så venlege, samarbeidsvillige og snille. Det er noko me aldri kunne drøyme om under Assad-regimet, seier han og held fram:

– Røde Kors har gjeve oss stor støtte gjennom aktivitetar som gjer integreringa lettare, som språkkurs og sosiale verkstader. Dei frivillige gjer også at me ikkje kjenner oss så isolerte. Det norske folk er flotte menneske. Måten me har vorte tekne imot på, kan eg ikkje forklare med ord. Norske menneske er fantastiske, ærlege og elskar å hjelpe andre. Måten de har handsama oss på, har fått oss til å kjenne oss verdsette og respekterte.