Røde Kors Hordaland RØDE KORS-NYTT Hordaland

Hjelpekorps

Når stien forsvinn, tek lokalkunnskapen over

Under ein aksjon i Jordalen/Stalheim i helga måtte redningsmannskapa lage sin eigen merka veg då dei gjekk utanfor den etablerte stien. Terrenget var svært bratt og krevjande, og det ville ikkje vore forsvarleg å ferdast der utan ein kjentmann (eit tidlegare Røde Kors-medlem) i følgjet.

Både Røde Kors-vestane og mannskapa sjølve vart nytta som merkepunkt langs løypa. Dette vart heilt avgjerande for at dei skulle kome seg trygt tilbake til stien før mørket kom sigande på.

Slike oppdrag minner oss om kor viktig lokalkunnskap, samarbeid og gode rutinar er når forholda blir krevjande.

Ein stor takk til dei frivillige frå Vossestrand Røde Kors og Voss Røde Kors Hjelpekorps som deltok i innsatsen og bidrog til at oppdraget kunne gjennomførast på ein trygg og god måte.

Foto: Agnete Hommedal Gilbakken